Vilkår / user conditions

Lenk til våre vilkår

Lenk til angrerettloven

 

VILKÅR FOR LEIGE AV FERIEBUSTAD GJENNOM VIKINGHOMES AS

Innleing

Dette er vilkåra for leige av feriehusvære, mellom leigetakar og utleigar, der Vikinghomes er formidlar.

Pkt. 1-6 av desse vilkåra kan erstattast av huseigar sine eigne vilkår, der slike finst.

1. Om husværet

Det påligg huseigar at huset er i den stand og med det utstyr som det går fram av annonsa hos Vikinghomes. Dersom sengeklede og handdukar er inkludert skal det vera minst 1 av kvar pr. person. Det skal også finnast reserve lyspærer og evt. sikringar i huset. Det skal også vera minst 2 toalettrullar pr. toalett.

Leigetakar skal levera husværet frå seg i same stand som han mottok det. Leigetakar skal vera fylt 18 år den dagen bestillinga vert gjort.

2. Leigeperiode

Leigeperioden er som avtalt ved bestilling. Det blir opplyst om klokkeslett for når husværet kan overtakast. Leigetakar skal vera ute av huset kl 10.00 på avreisedagen, dersom ikkje anna er avtalt.

Huseigar kan inspisera huset mellom kl. 9 og 10.

Eventuell utviding av leigeperiode må gå gjennom Vikinghomes.

3. Husdyr

Leigar kan berre ta med seg dyr etter avtale med eigar.

4. Båt, kanoar, kajakkar, syklar o.l.

Dersom båt og evt motor eller andre ting er inkludert i leiga skal dette gå fram av avtalen. Eigar er då ansvarleg for at det er redningsutstyr til så mange som båten er sertifisert for. Leigar er ansvarleg for at det ikkje blir fleire med i båten enn han er sertifisert for. Båten skal leverast tilbake med full tank dersom ikkje anna er avtalt med eigar.

Dersom det vert betalt ekstra leige for båt eller andre ting skal dette vera ein separat avtale mellom eigar og leigar, der Vikinghomes ikkje er part.

5. Badeinnretningar

Ved bruk av basseng, badestampar og liknande, må leigar retta seg etter rettleiing frå eigar.

6. Straum og telefon

Straum og telefon er normalt inkludert i leiga. Dersom dette ikkje er tilfellet skal det gå tydeleg fram av annonsa og avtalen.

7. Skadar/uhell/driftsstans

Dersom leigetakar eller nokon i følgjet hans gjer skade på bygningar eller lausøyre på grunn av aktløyse eller med vilje, påligg det leigetakar å erstatta dette. Dette gjeld ikkje ting som kan sjåast på som normal slitasje. Dersom depositumet ikkje dekkar alt vil utleigar kunna krevja det resterande direkte frå leigetakar.

8. Betaling og prisar

Ved booking skal det betalast inn 20% av totalsummen.

Full betaling skal gjerast på førehand til Vikinghomes innan 70 dagar før første leigedag. Dersom full betaling ikkje skjer innan 70 dagar før første leigedag kan Vikinghomes kansellera opphaldet og behalda dei 20% som er innbetalt.

Ved booking når det er mindre enn 70 dagar til første leigedag, skal heile summen betalast med ein gong.

9. Angrefrist

Leigar har ein angrefrist på 24 timar. Innan den tid kan det som er innbetalt betalast tilbake.

10. Depositum

Vikinghomes reserverer eit depositum på 20% av den totale leigesummen i leigaren sitt kredittkort på første leigedag. Dette skal dekka eventuelle utgifter som kan tilbakeførast til leigar eller nokon i reisefølgjet hans eller eventuelle gjester, og som ikkje blir dekka av leigar sjølv eller hans reiseforsikring.

Dersom leigar betaler gjennom bank eller kontant, krev Vikinghomes depositum innbetalt ved ankomst.

Det skal gjennomførast ein inspeksjon etter avreise og eigar må setja fram eventuelle krav mot leigar

innan 48 timar etter avreise. Dette skal gjerast via Vikinghomes.

Dersom alt er i orden skal depositum betalast tilbake to veker etter avreise.

11. Utvask

Det blir spesifisert i oppgjeret om utvask er inkludert eller ikkje.

12. Tilleggsrekningar

Eventuelle tillegg, så som leige for båt, bil, o.l. som vert leigd ut separat, er ei sak mellom eigar og leigar og går ikkje inn under denne avtalen.

Imidlertid kan bøter og andre utgifter som leigar har pådrege seg i eigars namn, trekkjast frå i depositum.

13. Reklamasjon og manglar

Dersom det skulle oppstå manglar/skader som ikkje blir retta/reparerte av eigar innan rimelig tid, vil Vikinghomes måtta refundera deler av leiga som leigaren har betalt inn. Vikinghomes vil då krevja dette tilbake frå eigar dersom eigaren kan lastast.

14. Endringar, annullering.

Sjå pkt. 2. for utviding av leigeperioden. Dersom leigaren vil avkorta leigeperioden gir dette ikkje grunnlag for tilbakebetaling. Vikinghomes vil derfor sterkt tilrå leigarar å teikna reiseforsikring.

Dersom eigar ønskjer å avkorta leigeperioden må han syta for tilsvarande innkvartering utan ekstra utgifter for leigaren. Eigar kan berre avkorta leigeperioden i samråd med leigar og Vikinghomes. Eventuelle ekstrautgifter med dette er eigaren sitt ansvar.

15. Force majeure

Vikinghomes er ikkje ansvarleg i høve til verken leigar eller eigar, dersom leigar skulle utebli eller overnattingsstaden vera ubrukeleg, på grunn av streik, krig, uver, naturkatastrofar o.l.

16. Verneting

Saker som ikkje kan løysast minneleg mellom Vikinghomes og eigar/utleigar, eller mellom Vikinghomes og leigar, skal fremjast for Karmøy forliksråd, subsidiært Haugaland tingrett, som verneting.

Saker som ikkje kan løysast minneleg mellom leigar og eigar/utleigar, skal fremjast for forliksråd/tingrett i den kommunen utleigeobjektet er.